Trevirke

Reint trevirke er treverk som ikkje har gjennomgått nokon form for kjemisk behandling og er fritt for maling og større metalldeler.  

Vanlege produkt: byggematerialar, plank, sponplater, pallar og emballasje. 

Kvifor sortere reint trevirke?

  • Gjenvinning: Reint trevirke vert ofte nytta som brensel, men kan også nyttast i produksjon av sponplater, flis til strø for husdyr og bark til grøntanlegg. 

  • Kostnaden for å levere reint trevirke er betydeleg lågare enn for impregnert og overflatebehandla trevirke. Det vil difor lønna seg å sortere det ut. 

  • Det er deponiforbod for trevirke. 

Handtering av reint trevirke

  • Reint trevirke må ikkje blandast med impregnert trevirke. 

  • Spiker, skruer og beslag er som regel greitt å ha i ved innlevering av reint trevirke.

Les meir om trevirke her:

Gasta Design