Om Sirkla Ressurs

Sirkla Ressurs AS er din lokale samarbeidspartnar for effektiv og berekraftig avfallshandtering.

Me tilbyr rådgjeving og skreddarsydde løysingar som hjelper verksemder med å redusere kostnader, auke sorteringsgraden og oppnå miljømål.

Som dotterselskap av SIMAS IKS, har me solid fagkompetanse og lang erfaring med næringsavfall. Me kjenner dei lokale behova – og leverer tenester som gir resultat.

Smart avfallshandtering for næringslivet

Me jobbar for å gjere avfallshandtering enklare, smartare og meir lønsam for næringslivet i Sogn. Vi tilbyr:

  • Rådgjeving og prosjektstøtte innan avfall og ressursar

  • Handtering og rapportering av næringsavfall – enkelt og oversiktleg

  • Containerutleige til små og store prosjekt

  • Sal av sorteringsmøblar til kontor, skular og offentlege bygg

  • Transporttenester med fokus på effektivitet og miljø

Ta kontakt med oss – så finn me løysinga som passar for di verksemd.

Finn tilsette

Visjon og verdiar

Vår visjon er Avfall til nye verdiar. Vi er opptekne av kva ressursar alt avfallet frå næringslivet kan gje oss.

For oss er sirkulær økonomi svært viktig, for å halde ressursane i økonomien lengst mogleg. Vi har fokus på å redusere råvarebruk, avfall og utslepp, tenkje gjenbruk og halde energiforbruket til eit minimum. Dette jobbar vi også for at bedriftene skal få inn i kvardagen.

Kjerneverdiane våre løysingsorientert og stolt gjenspeglar dei vi er og det vi gjer. Vi skapar dei beste løysingane og er stolt over det. For oss sjølve, kundar og miljøet.

Kontakt oss om avfallshandtering

Miljøpolicy i Sirkla Ressurs

Sirkla Ressurs har som mål å vere den føretrekte næringsrenovatøren i Sogn, og skal sikre ein mest mogleg miljøvenleg leveranse av alle våre tenester.

Hausten 2023 vart vi re-sertifisert Miljøfyrtårn, og kan dokumentere at strenge kriterium innan vegtransport og gjennvinning er tilfredsstilte.

Les meir om miljøfokuset vårt

Sirkla er registrert i StartBANK

Sirkla Ressurs AS er stolte over å vere fullt registrert leverandør i StartBANK, eit kvalitetssystem for seriøse aktørar innan bygg og anlegg, forvaltning, eigedom og tilhøyrande bransjar. Sertifiseringa vert nytta av mange innkjøparar for å sikre ansvarlege og pålitelege leverandørar, og gir Sirkla eit viktig kvalitetsstempel som aukar vår synlegheit og konkurransekraft i marknaden​​.

Sertifiseringa dokumenterer at vi møter strenge krav til kvalitet, seriøsitet og dokumentasjon, og vi er registrert med tenester innan avfallshandtering og transport​.

StartBANK-sertifikat for Sirkla