Våtorganisk

Våtorganisk avfall omfattar matavfall og avfall frå næringsmiddelindustri. Avfallet er organisk nedbrytbart. 

Våtorganisk avfall kan vere 

  • Avfall frå produksjon av kjøt, fisk, meieriprodukt, øl og mineralvann, frukt og grønt, samt bakarvarer

  • Kjøken- og matavfall frå restaurantar, kafear, kantiner og liknande

  • Skrell, skrotter, grut, eggeskall, bein, nøtteskall, rekeskall etc.

  • Park- og hageavfall vert ikkje rekna som våtorganisk avfall

Kvifor sortere våtorganisk?

  • Tungt og dyrt å ikkje sortere ut

  • Matavfall erstattar bruk av fossil energi, kunstgjødsel og torv 

  • Bidra til å redusere klimagassutslepp

  • Bidra til å gjenvinne fosforet i matavfallet. Dette er ein viktig, men ikkje uavgrensa ressurs, som planter, dyr og menneske treng. 

Handtering av våtorganisk avfall

Våtorganisk skal ikkje innehalde:

  • Plast

  • Metall

  • Glas

  • Tekstilar

  • Treverk

  • Park- og hageavfall

  • Klumpete emballasje

  • Jord, sand og grus

  • Bleier

  • Anna avfall

Det er ikkje tillate å deponere matavfall.

Les meir:

Kjelde: sortere.no

Gasta Design