Ynskjer du ei nøkkelrolle i eit veksande selskap?
Me søkjer administrasjons- og utviklingsleiar!
Sirkla Ressurs er i utvikling, og no ser me etter ein engasjert og løysingsorientert person som vil vere med og ta selskapet vidare.
Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer administrative oppgåver med utviklingsarbeid, prosjekt og dagleg drift. Du blir ein viktig del av laget, med moglegheit til å påverke korleis me jobbar og utviklar oss framover.
Stilling: Administrasjons- og utviklingsleiar
Arbeidsstad: Kaupanger
Stillingstype: 100% fast
Kva skal du jobbe med?
Du får ei sentral og allsidig rolle i Sirkla, med varierte oppgåver på tvers av verksemda.
Følgje opp administrative oppgåver, dokumentasjon, avtalar og internkontroll.
Kalkulere og utarbeide pristilbod på oppdrag.
Fakturering, budsjettering og økonomisk rapportering.
Utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsprosessar.
Delta i utviklingsprosjekt og bidra til vidareutvikling av verksemda.
Samarbeide tett med leiing, medarbeidarar, kundar og samarbeidspartnarar.
Bidra i den daglege drifta og andre oppgåver ved behov.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å ha fleire ballar i lufta og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Du er strukturert og sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre. Du har evne til å sjå heilskapen, samtidig som du ikkje er redd for å ta tak i dei praktiske oppgåvene som må løysast.
Me ser gjerne at du har:
Relevant utdanning eller erfaring innan administrasjon, økonomi, leiing eller organisasjonsutvikling.
Gode digitale ferdigheiter og interesse for å utvikle smartere arbeidsmåtar.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Førarkort klasse B.
Erfaring frå transport, logistikk eller renovasjon er ein fordel.
Bli betre kjent med Sirkla Ressurs
Sirkla Ressurs AS er eit lokalt forankra selskap med base på Kaupanger i Sogn, 100 % eigd av SIMAS IKS. Me leverer tenester innan avfallshandtering, gjenvinning, transport, rådgiving og slam- og spylingstenester til næringslivet i regionen.
Kundane våre spenner frå lokale bedrifter med faste avfallsløysingar til større entreprenørar og industriverksemder. Gjennom tett kundeoppfølging, lokal kunnskap og praktiske løysingar jobbar me for å gjere avfallshandteringa enklare og meir ressurseffektiv.
Med nye tenesteområde og ambisjonar om vidare vekst er Sirkla i stadig utvikling. Gjennom visjonen vår «Avfall til nye verdiar» ønskjer me å skape verdi for både kundane våre og regionen.
No ønskjer me å styrkje laget med ein person som vil vere med på denne utviklinga!
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send søknad og CV til geir@sirkla.no innan 28. oktober 2026.