Resertifisert – for andre gong!

Sirkla Ressurs er resertifisert som Miljøfyrtårn i 2026! Sidan den første sertifiseringa i 2020 har me jobba systematisk med å utvikle miljøarbeidet vårt, med resertifiseringar i både 2023 og 2026.

Kundehandsamar Hege har følgt opp årets resertifisering, mellom anna gjennom dokumentasjon, gjennomgang av rutinar og møte i samband med prosessen.

– For oss handlar miljøarbeidet om å stadig bli betre, både i vår eiga drift og i løysingane me tilbyr kundane. Me skal ikkje berre oppfylle miljøkrava, men også sjå etter moglegheiter for å forbetre oss, fortel Hege.

Miljøarbeid i praksis

Med visjonen «Avfall til nye verdiar» jobbar Sirkla for høg grad av ombruk av innsamla avfall. Samtidig er det viktig å halde seg oppdatert på miljøvenlege løysingar, slik at kundane får god rådgiving og hjelp til å velje miljøriktige alternativ.

– Me ønskjer å vere ein rådgivar som hjelper kundane våre med å finne gode avfallsløysingar. Då må me sjølve ha kunnskapen og vere oppdaterte på kva alternativ som finst, seier Hege.

Resertifiseringa er ei stadfesting på miljøarbeidet som er lagt ned, og eit viktig grunnlag for vidare utvikling i samarbeid med kundar, medarbeidarar, eigar og leverandørar.

Les meir om miljøfyrtårn, eller sjå vår rapport frå 2025 her.

Neste
Neste

Ynskjer du ei nøkkelrolle i eit veksande selskap?