Framtidas sjåførar treng ein stad å starte!

Ole Andre Thune

I haust har me fått med oss Ole Andre Thune, som går første året på transportlinja på Kaupanger. Kvar fredag byter han ut skulebenken med arbeidsdagen hos Sirkla, der han får vere med sjåførane våre ut på oppdrag og bli betre kjent med både yrket og kvardagen i bransjen.

Dette er ei ordning me har hatt gode erfaringar med gjennom fleire år. Faktisk starta ein av våre eigne sjåførar, Jakob, på akkurat same måte – som elev ute i praksis hos oss. I dag er han ein del av Sirkla-gjengen på fulltid.

Jakob Husum

For oss er rekruttering til arbeidslivet noko som startar lenge før den første jobbsøknaden. Difor betyr det mykje å kunne gi unge som er på veg inn i transportfaget praktisk erfaring og eit realistisk innblikk i arbeidslivet. Samtidig får me bli kjent med framtidige sjåførar, dele erfaringane våre og forhåpentlegvis vise fram kor mykje variasjon og moglegheiter som faktisk finst i bransjen.

Me er veldig glade for å ha Ola med på laget kvar fredag – og håpar han får minst like mykje ut av dagane som me får av å ha han med!

Velkommen på laget, Ole Andre! ♻️

Neste
Neste

Resertifisert – for andre gong!