I samband med julehøgtida blir rutene til renovasjonsbilane forskovne med to dagar i veke 52 og ytterlegare to dagar i veke 53.
Siste tømming før forskyvinga er 23. desember. Rutene blir dermed forskovne med totalt fire dagar frå denne datoen.
Dette inneber at kundar med vekestømming får éi tømming mindre enn vanleg i denne perioden. Me beklagar ulempene dette medfører.
Dersom du blir råka av endringane og likevel har behov for tømming, ber me deg ta kontakt med oss på:
Telefon: 57 00 90 40
E-post: post@sirkla.no