Sirkla flyttar inn i Kloppvegen 9
Det skjer mykje nytt i Sirkla om dagen. Etter at Ingmar Fimreite blei ein del av Sirkla, tek selskapet no enda eit steg vidare og flyttar verksemda frå Kloppvegen 7 til Kloppvegen 9 på Kaupanger.
Flyttelasset skal heldigvis ikkje langt. Berre nokre meter unna dei gamle lokala får Sirkla no ein ny base med kontor, verkstad og lager samla på same stad – i lokala der Ingmar Fimreite tidlegare heldt til.
Flyttinga er ein naturleg del av utviklinga Sirkla er inne i, og gir selskapet eit godt utgangspunkt for å samle både folk, utstyr og kompetanse på tvers av verksemda.
– Flyttinga er viktig for oss fordi me no får samla kompetansen og dei ulike delane av verksemda under same tak. Det gir oss eit tettare fagmiljø, gjer det enklare å samarbeide på tvers og legg godt til rette for den vidare utviklinga av Sirkla, seier Geir Øygard.
For Ingmar Fimreite betyr endringa samtidig at verksemda kan halde fram mykje som før, no som ein del av Sirkla.
– Me skal drifte mykje som før, og kundane skal framleis møte den same korte vegen til hjelp. Eg har det same telefonnummeret og er framleis tilgjengeleg slik eg alltid har vore. Forskjellen er at me no blir del av eit større miljø og får fleire tenester og meir kompetanse rundt oss, seier Ingmar Fimreite.
Geir og Ingmar
Nye lokale – same lokale tilstadeværelse
Flyttinga frå Kloppvegen 7 til Kloppvegen 9 betyr at selskapet framleis held til på Kaupanger, men no i lokale som gir betre rom for verksemda og utviklinga framover.
For kundane er den viktigaste endringa i første omgang enkel: Neste gong du skal innom Sirkla, er det Kloppvegen 9 som gjeld.
Dei nye lokala skal etter kvart også få meir Sirkla-preg – og me kjem tilbake med meir når alt har kome skikkeleg på plass.
Ny adresse:
Sirkla Ressurs
Kloppvegen 9