Sirken Shop på Kaupanger blir avvikla

Etter vel to år med ombruk av overskotsmaterialar frå byggebransjen, blir Sirken Shop på Kaupanger no avvikla.

Butikken opna i mars 2024 i samarbeid med Sirken og dei lokale aktørane Sogn Elektro, Tharaso, Fretland Bygg, Sogndal kommune og Reco. Målet var å gi brukbare overskotsmaterialar frå byggebransjen eit lengre liv, framfor at dei enda som avfall.

– Det er litt synd, men me fekk det ikkje heilt til. Me gjorde eit forsøk, men omsetninga vart ikkje stor nok til å få til god drift over tid. Då vart konklusjonen at me avsluttar, seier Geir Øygard i Sirkla Ressurs.

Sjølv om butikken no blir avvikla, tek me med oss nyttige erfaringar frå prosjektet. Me vil også takke alle samarbeidspartnarane som har vore med og bidrege med overskotsmaterialar – og alle som har teke turen innom Sirken Shop.

Astri Knudsen

Astri er dagleg leiar og rådgivar i Gasta. Ho er oppteken av god kommunikasjon, smarte digitale løysingar og å gjere det kompliserte litt enklare å forstå.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Sirkla flyttar inn i Kloppvegen 9

Neste
Neste

Hege er ny kundehandsamar i Sirkla