Hege er ny kundehandsamar i Sirkla

Me er glade for å ønskje Hege Sæthre velkomen til Sirkla Ressurs som ny kundehandsamar innan næringsrenovasjon.

Hege startar formelt i dag, etter å ha vore innom oss i tre veker før påske for opplæring. Ho kjem frå stillinga som kundehandsamar hos Frydenbø Bil VPL i Sogndal, og har tidlegare ti års erfaring som befraktar i Lerum Frakt. Med denne bakgrunnen har ho solid kompetanse innan både kundeservice, transport og logistikk.

– Dette er ei stilling eg kjende eg hadde kunnskap til, og eg visste det var kjekke folk å jobba med, seier Hege.

I rolla vil ho arbeide tett med kundar, rådgje om gode og berekraftige avfallsløysingar, samt bidra i sal og oppfølging av kundeforhold.

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av arbeidsplassen, med kjekke og hjelpsame kollegaer og ei bedrift som satsar framover, fortel ho.

Me er svært glade for å ha Hege med på laget og ønskjer henne velkomen!

Vil du komme i kontakt med Hege? Send ho gjerne ein e-post Hege@sirkla.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ny avfallspresse til Kviknes Hotel

Neste
Neste

Fordelane med big bags