Ledig stilling: Kundehandsamar for næringsrenovasjon
Vil du vera med på laget? Me søkjer ein engasjert og serviceinnstilt kundehandsamar som vil spela ei nøkkelrolle som bindeledd mellom våre kundar og tenestene me tilbyr.
Stad: Kaupanger
Stillingstype: Fast
Søknadsfrist: 31. januar
Arbeidsoppgåver
Følgje opp eksisterande kundar og etablere nye kundeforhold.
Rådgje kundar om avfallsløysingar og berekraftige alternativ.
Sal og kontraktsarbeid innan næringsrenovasjon.
Koordinere med drift for å sikre god leveranse.
Handtere kundespørsmål og finne løysingar.
Vera fleksibel på andre oppgåver i selskapet
Kvalifikasjonar
Erfaring frå kundeservice, sal eller renovasjonsbransjen er ein fordel.
Gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge relasjonar.
Erfaring med transport og logistikk
Strukturert og løysingsorientert.
Grunnleggjande IT-kunnskap.
Førarkort klasse B.
Me tilbyr
Spennande og variert arbeid i eit framtidsretta selskap i vekst.
Konkurransedyktige vilkår.
Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Moglegheit for fagleg utvikling.
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
God pensjonsordning gjennom KLP.
Sirkla Ressurs AS er ein leiande aktør innan containertransport og avfallshandtering. Kvar dag arbeider me for å levere effektive, pålitelege og miljøvenlege løysingar til næringslivet. Les gjerne meir om oss.
Interessert?
Send søknad og CV til geir@sirkla.no snarast eller innan 31.01.2026. For spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar Geir Øygard på mobil 91 11 23 21.