Røyrleggjar Ingmar Fimreite blir ein del av oss i Sirkla
– Saman kan me få til meir, fortel dei to gode naboane.
Geir Øygard i Sirkla Ressurs AS og Ingmar Fimreite i Røyrleggjar Ingmar Fimreite AS har vore gode naboar i Kloppavegen på Kaupanger i fleire år. No har dei valt å slå seg saman for å styrkje tilbodet til kundane.
– Ein lyte finne på noko nytt av og til, seier Ingmar Fimreite med eit smil.
– Me riggar oss for framtida. Ein lever jo ikkje evig, og saman kan vi byggje noko som kan leve etter oss også, legg han til.
Slamsug og spyling
Ingmar Fimreite og Geir Øygard gler seg til det nye samarbeidet.
Ingmar Fimreite har vore røyrleggjar i 36 år, og dei siste 14 åra har han hatt stadig meir fokus på slamsug og spyling. I dag driv firmaet med røyr og kummer utandørs, med to tilsette som blir med vidare inn i samarbeidet med Sirkla.
– Det hadde ikkje vore så aktuelt med eit oppkjøp om ikkje Ingmar sjølv vart med vidare. Me ynskjer å vidareføra kunnskapen og kunderelasjonane i dagens selskap, fortel Øygard.
Sirkla har vekstambisjonar og har lenge ønskt seg fleire bein å stå på. Difor passa denne moglegheita godt for begge partar. Kombinasjonen av slamsug og spyling med transport, containerutleige og avfallshandtering for næringslivet gjer tenestetilbodet meir heilskapleg.
– Eg trur absolutt det er eit potensial i å kunne tilby denne tenesta til fleire av kundane våre. At Sirkla saman med Fimreite kan tilby eit utvida tenestetilbod innan avfallshandtering, slamsug, spyling og transport, trur eg blir veldig bra, seier Øygard nøgd.
Drift som før
Kva dotterselskapet skal heite, er ikkje heilt bestemt, men det blir truleg i Sirkla si drakt.
– Me får tygge litt på det. Det viktigaste er å få fram at Ingmar Fimreite & co. er med vidare, og at me skal ivareta servicetilbodet, forklarar Øygard.
– Ja, og vi skal drifte mykje som før. Nokon trur kanskje det blir fleire ledd og dyrare å bruke oss, men vi skal drive på same måte. Det er berre eigarskapen som blir ny. Eg har same telefonnummer, legg Fimreite til.
Frå januar blir Sirkla Ressurs til saman ni personar. I tillegg får dei meir utstyr, som kombibil for suging og spyling, pluss ei eiga spylevogn for mindre oppdrag og kamera for inspeksjon av røyr.
– Eg har trua på at dette blir eit bra konsept vidare. Me ynskjer å vere ein kortreist leverandør for bedrifter, kommunar og privatpersonar i Sogn på dette fagfeltet, avsluttar Øygard.
Treng du hjelp til slamsuging eller spyling? Ta kontakt med oss