Jakob er vår aller fyrste lærling

Me i Sirkla Ressurs AS er stolte og glade over å kunne dele ei skikkeleg glad-nyheit: For aller første gong har me fått lærling.

14. januar starta Jakob Husum frå Sogndal som lærling i yrkessjåførfaget hjå oss, og han skal vera ein del av Sirkla-laget heilt fram til juni 2027.

Jakob starta på yrkessjåførfaget ved Sogndal videregåande skule på Kaupanger hausten 2025, der han fullførte semesteret med glans. No er han klar for å gå i gang med den praktiske delen av læretida - og det gjer han altså i lag med oss i Sirkla!

For oss er dette eit viktig og stort steg. Å vera lærebedrift betyr mykje - både for faget, for bransjen og for framtida. Me er utruleg stolte av at Jakob har valt Sirkla Ressurs AS som si lærebedrift, og me gler oss til å følga utviklinga hans dei neste åra.

Velkomen til oss, Jakob - heile gjengen ser fram til å jobba med deg.

Og til kundane våre: Ta godt imot Jakob når de møter han ute på oppdrag for Sirkla - det set me stor pris på!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Ledig stilling: Kundehandsamar for næringsrenovasjon