Kva lovar og reglar gjeld bedrifta di?

avfall+lover+og+regler+bedrift

Her finn du ei enkel oversikt over kva avfalls- og forureiningslovar som gjeld deg.

80 prosent av avfallet som oppstår i Noreg kjem frå næringslivet. I motsetning til heime, der kommunen tek hand om avfallet, har bedrifter sjølv ansvar for å finne ein leverandør som kan ta hand om avfallet.

Korleis skal de handtere avfallet? Kva betyr lovane i praksis? Her kan me i Sirkla Ressurs hjelpe dykk.

Det overordna lovverket

Lovverket gjev bedrifta di både plikter og rettar. Her finst det i hovudsak to overordna lovar:

  • Avfallsforskriften skal bidra til å førebyggje og redusere miljøproblem, hindre forsøpling og sikre høg grad av gjenvinning når ulike produkt endar som avfall.

  • Forureiningsloven skal verne ytre miljø mot forureining, redusere eksisterande forureining, redusere mengde avfall og å fremme betre behandling av avfall. Loven skal sikre at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivsel eller skade naturen..

Om du ønskjer å vite meir om lovar knytt til ulike avfallstypar, som batteri, betongavfall og farleg avfall, finn du mykje god informasjon på sortere.no/bedrift.

Me kan rettleie

Det kan vere tidkrevjande å få tilstrekkeleg oversikt og kunnskap om kva som gjeld bedrifta di. Men det er smart å ha nok kunnskap. Feil handtering kan straffe seg, medan riktig handtering kan gjere bedrifta meir lønnsam.

Våre rådgjevingstenester:

  • Vurdering av komplekse og samansette avfallsløysingar for ulike bransjar

  • Avfallstypevurdering av farleg avfall

  • Miljørisikoanalysar

  • Beredskapsplanar for uforutsette utslepp

  • HMS

For meir informasjon, ta kontakt med oss på 57 00 90 40 eller post@sirkla.no.

Gasta Design