Sikkerheitsmakulering
I samarbeid med Stena Confidential AS tilbyr vi fleire makuleringstenester. Vi sørgjer for sikker henting, transport og destruksjon.
Trygg handsaming av sensitiv informasjon
Stena Confidential hjelper verksemder med å handtere og destruere sensitivt materiale – som dokument, digitale lagringsmedium, tekstilar og anna som ikkje må kome på avvegar.
Tenestene vert leverte i tråd med gjeldande lovkrav, inkludert GDPR, og byggjer på tilrådingar frå Nasjonal tryggingsstyresmakt (NSM). Med ISO-sertifisering i både informasjonstryggleik (ISO 27001) og kvalitetssikring (ISO 9001), vert forpliktinga til høgaste nivå av tryggleik og kvalitet stadfesta.
Gjennom effektiv logistikk, sporbar destruksjon og sirkulær handsaming av materiale, tilbyr Stena Confidential ei heilskapleg løysing som tek vare på både datatryggleik og miljøomsyn. Alt gjenvinnbart restmateriale går vidare til Stena Recycling for materialgjenvinning – eit viktig bidrag til sirkulær økonomi.