EE-avfall

Alle produkt som går på straum eller batteri, blir rekna som elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) når det skal kasserast. 

Kvifor sortere elektrisk og elektronisk avfall?

  • Ingen miljøgifter på avvege: EE-avfall inneheld komponentar som kan vere farleg eller innehalde miljøgifter. Riktig sortering bidrege til å forhindre at miljøgifter slepp ut i naturen eller fører til skade på menneske og dyr.

  • Innlevering sikrar forsvarlig handsaming: Miljøsanering av EE-avfall betyr å identifisere og sortere ut dei komponentane som inneheld miljøskadelige stoffer. Slike stoffer finn vi blant anna i kretskort, kablar, display, batteri, motstandar, TV-er og kompressorer. EE-avfallet inneheld også mykje metall og andre komponentar som kan gjenvinnast. 

Handtering av elektrisk og elektronisk avfall

  • Elektriske og elektronisk avfall (EE-avfall) skal ikkje kastast saman med anna avfall. Produkt må vere heile når dei vert levert, og må lagrast og transporterast slik at dei ikkje blir knust eller skada. 

  • Ved innlevering skal EE-avfall sorterast i fem ulike typar: Lysrøyr, andre lyskjelder, kablar og ledningar, småelektronikk og større elektriske produkter. (lenke til underkategoriane). Nytt gjerne containaren eller pallebur.  

Meir om EE-avfall

Elektriske og elektroniske produkt som er merka med ein overkryssa avfallsbehaldar, betyr at produktet ikkje skal i restavfallet.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Dekkretur

Neste
Neste

Farleg avfall