Srikla pil. Grafisk element

Leige av big bags

Bøtte laget av resirkulert plast fra Sirkla med tekst som sier 'sirkla.no', telefonnummer og noen symboler for resirkulering og sikker bruk.

Ein big bag rommar mykje, men er mindre enn ein conteiner. Perfekt når det er vanskeleg å kome til på eigedomen eller du skal sortere mange ulike fraksjonar f. eks ved renovasjon.

Sjå video om big bags

I videoen kan du sjå kor enkelt det er å nytte big bags til dømes under oppussing i bustad.

Eit mindre alternativ til conteiner

  • Ein big bag er mindre enn ein conteiner, og tek dermed mindre plass. Det gjer den veleigna til å løfte nære bygningar og på plassar der det er vanskelig å kome til.

  • Den rommar likevel mykje, 1000 liter/1 m3 for å vere nøyaktig

  • Ofte ei rimelegare løysing fordi avfallet let seg sortere i ulike big bags. Som kjent er det blanda avfall (restavfall) som kostar mest å levere

Slik reknar vi pris

  • Vi treng å vite kor mykje avfall du har, kva type avfall du har og kor lenge du ynskjer å leige big bags.

  • I tillegg treng vi å vite kvar i Sogn du ynskjer dette levert og henta.

  • Be om pris her, enten du veit kva du treng, eller om du ønskjer hjelp til å finne riktig løysing for deg.