Restauranthuset Malin med nye avfallsløysingar

Nye løysingar gir restauranten færre tømmingar, mindre plassbruk og ei meir miljøvennleg handtering av avfallet.

Sirkla Ressurs har nyleg samarbeidd med Restauranthuset Malin for å gjere avfallshandteringa deira meir effektiv, lønnsam, og ikkje minst berekraftig. I lag har me funne fram til ei løysing som gjer kvardagen enklare for både tilsette og miljøet.

Smarte løysingar gir store gevinstar

Malin har bytt ut dunkløysing for papp med ei papp-presse som er tilpassa deira lager og behov. I tillegg har dei erstatta dunkar for glas med ein glassknusar. Dette fører til færre tømmingar, mindre plassbruk og ei meir miljøvennleg handtering av avfallet.

Restavfallet vert no samla i ein 10 kubikkmeter lukka container, medan dunkane til matavfall er dei einaste som vert tømde etter fast struktur. Resultatet er eit meir oversiktleg lager og ei tryggare, ryddigare og meir effektiv løysing.

Ein glasknusar (t.v.) og ei papp-presse (t.h) plassert på lageret.

Lukka container for restavfall utanfor restauranten.

Opplæring og oppfølging

Sirkla har vore til stades og levert utstyret, i tillegg til å gjennomføre dokumentert opplæring i bruk av presse og glassknusar.

– Dette gjer det til eit trivelegare miljø på lageret, med betre struktur og ei meir kvalitetssikra løysing, seier GeirØygard i Sirkla Ressurs.

Me gratulerer Restauranthuset Malin med oppgraderinga og ønskjer dei lukke til med ein enklare og meir berekraftig kvardag!

Ønskjer du betre avfallsløysingar på arbeidsplassen din? La oss ta ein prat

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Slik handterer dei avfallet på Campus Sogndal