Nye prisar på miljøstasjonane

Nye-avfallssatsar-miljøstasjon-3.jpg

Simas IKS ønskjer å gjere avgiftene på miljøstasjonane meir rettferdig, og går vekk frå pris på bil- og hengartype.

Frå 1. februar bli prisane endra på alle miljøstasjonane. Når du kjem for å levera bos, må du betala for volumet du har med deg, målt i kubikk.

– Fram til no har me teke betalt for biltype, om hengaren er ein- eller toaksla – eller om du kjem med både bil og hengar. Dette blir fort urettferdig, då hengartype ikkje alltid speglar mengde bos, fortel Kenneth Teigen, fagansvarleg miljøstasjonar.

Difor har me endra betalingsstruktur. Minstepris er framleis den same, og gjeld inntil ein halv kubikk.

–  Kjem du med ein personbil, vil du truleg vere innafor ein halv kubikk – og betalar minstepris på 80 kroner. Har du pakka bilen heilt full, vil eg tru du er «inntil 1 kubikk» og må betala 160 kroner. Så prisendringane vil ikkje gje folk flest stor endring i pris.

Dyrare for næring

Dei som vil merke størst endring, er bedrifter som nyttar miljøstasjonane. No er det vedteke å ha differensierte prisar for privat og næring, for å «pushe» næringa til å bli betre på resirkulering. Dei kjem ofte med mykje avfall til miljøstasjonane.  

– Med nye prisar vil det fort løna seg å leige conteinar (til dømes hjå dotterselskapet vårt Sirkla Ressurs). Det gir oss betre oversikt over kva som kjem inn på miljøstasjonane og bedriftene får moglegheit til å bestilla ulike containerar til ulikt avfall, fortel Teigen.

Han ser ofte at næringa kjem med mykje blanda avfall. Veldig mange kunne vore betre på å sortere. Skal Simas ta eit større miljøansvar, treng dei næringa med seg.

– Me håpar at næringslivet vil få meir fokus på å få ressursane på rett veg. Mykje som hamnar i restavfall kan resirkulerast. Det handlar ofte om bevisstgjering, og då kan ei slik endring i prisstruktur bidra til det, fortel direktør Hallvard Thomassen, som òg minner om krav til at byggnæringa skal auke materialgjenvinning av sitt avfall. 

Har bygd eksempelboksar

For å gjere det enklare å sjå om du kjem med ein eller fleire kubikk, har Simas bygd boksar på 1 kubikk som blir plassert rundt på alle miljøstasjonane. Slik kan du lettare sjå kor mykje avfall du har med deg.

– Det er klart me har skjøn på dette. Me er på miljøstasjonane i opningstida og vil hjelpe deg å sjå mengda når du kjem. Er me usikre på om du er like under eller like over 1 kubikk, betalar du for 1 kubikk, fortel Teigen.

– Og når prisane ikkje er høgare enn dei er, trur eg ikkje mange vil krangla på prisen. Med tanke på jobben som skal gjerast med å sortera, transportera og handsama avfallet i ettertid, så er det ikkje dyrt å levera boset hjå oss.

Sjå prislista som gjeld frå 1. februar her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny containerpresse levert til storkunde

Neste
Neste

Simas Næring blir til Sirkla Ressurs