Ny dagleg leiar i Sirkla Ressurs AS

erikstavo.jpg

Erik Stavø (42) har med seg erfaring både frå Nav økonomiteneste, Sogn Billag og Maskinsenteret.

– Eg trur det er ein god kombinasjon for denne jobben. At eg har jobba lokalt i Sogn i 23 år, trur eg òg kan gi meg fordeler, fortel han.

Stavø har vore dagleg leiar sidan 1. august, då han tok over etter Hallvard Thommassen, som har vore midlertidig leiar.

Sirkla Ressurs AS er eit dotterselskap av Simas IKS. Medan Simas IKS tek seg av renovasjon og avfallshandlering frå private husstandar, driv Sirkla med avfall frå næringa og containerutleige både til næring og privat.

– Eg er spent på jobben. Til no har eg brukt tid på å setje meg inn i bedrifta, historia, dagens drift, kva som kan gjerast betre og korleis me kan gjere det. Og er har mange tankar og idear, fortel Stavø.

Me ønskjer Stavø velkommen og gler oss til å sjå kva tankar og idear han set i gang med.

Kontakt med Sirkla? Sjå her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Me avsluttar mottak for farleg avfall på Østerbø

Neste
Neste

Kan ei nedgravd avfallsløysing vere noko for dykkar burettslag?