Om Sirkla Ressurs

Vi er opptekne av å ha ein rådgjevande rolle på avfallshandtering for næringslivet.

Vi er eit dotterselskap av SIMAS IKS. I Sirkla Ressurs driv vi med ikkje-lovpålagde oppgåver som næringsavfall, rådgjeving, containerutleige og avfallstransport, medan SIMAS IKS tek seg av private hushaldningar.

Visjon og verdiar

Vår visjon er Avfall til nye verdiar. Vi er opptekne av kva ressursar alt avfallet frå næringslivet kan gje oss.

For oss er sirkulær økonomi svært viktig, for å halde ressursane i økonomien lengst mogleg. Vi har fokus på å redusere råvarebruk, avfall og utslepp, tenkje gjenbruk og halde energiforbruket til eit minimum. Dette jobbar vi også for at bedriftene skal få inn i kvardagen.

Kjerneverdiane våre løysingsorientert og stolt gjenspeglar dei vi er og det vi gjer. Vi skapar dei beste løysingane og er stolt over det. For oss sjølve, kundar og miljøet.

Miljøpolicy i Sirkla Ressurs

Sirkla Ressurs har som mål å vere den føretrekte næringsrenovatøren i Sogn, og skal sikre ein mest mogleg miljøvenleg leveranse av alle våre tenester.

Hausten 2023 vart vi re-sertifisert Miljøfyrtårn, og kan dokumentere at strenge kriterium innan vegtransport og gjennvinning er tilfredsstilte.