Elektronisk deklarering

Elektronisk deklarering av farleg avfall vart innført 01.01.2016.

Det er viktig at alle kjem i gang med dette, då papirversjon av avfallsdeklarering etter kvart vil forsvinne. Som avfallsprodusent er du ansvarleg for at farleg avfall vert deklarert iht. gjeldande regelverk.

For å deklarere elektronisk må du ha rolla som administrator eller sluttbruker i Altinn. Dagleg leiar i firmaet kan eventuelt delegere rolla som administrator i Altinn. Deretter delegerer administrator rollen som sluttbruker via administrasjonsmodulen på avfallsdeklarering.no.

Sirkla Ressurs kan vere behjelpeleg med å administrere all deklarering for deg, men må ha fullmakt frå deg som kunde. Fullmakt vert tildelt i administrasjonsmodulen på avfallsdeklarering.no

Kom i gang med e-deklarering

For å kunne autentisere seg på vegne av verksemda, må administrator ha Altinn-rolla «Energi, miljø og klima». Altinn-rolla er førehandstildelt dagleg leiar i verksemda. Innlogginga i Altinn erstattar underskrifta på deklarasjonsskjemaet.

Dagleg leiar må delegere rolla i Altinn, og må difor logge inn på Altinn.no.


Slik gjer du:

  1. Vel «Tilgangsstyring» i toppmenyen

  2. Vel «Deleger roller og rettigheter» i venstremenyen.

  3. Vel riktig verksemd i nedtrekksmenyen, vel «vis flere» dersom ikkje riktig verksemd visast. NB! Det er organisasjonsnummeret til undereining/avdeling/verksemd som skal brukast, ikkje organisasjonsnummeret til foretaket.

  4. Hugs å trykk «oppdater».

  5. Identifiser administrator ved å fylle inn «Fødselsnummer» og «Etternavn»

  6. Huk av for rolla «Energi, miljø og klima»

  7. Trykk på knappen «Deleger»

static1.squarespace.com.jpg

 

Ved fleire undereigningar:

Har de fleire undereiningar/avdelingar som skal deklarere i Avfallsdeklarering.no, gjenta punkt 3-6 for dei aktuelle einingane.

For meir informasjon sjekk ut avfallsdeklarering.no eller last ned brukarrettleiing her.

static1.squarespace.com2.png